Vendereis.

7 februar 2011

No som me gjeng vekk frå samnorsk, kan me like gjerne gjere det skikkeleg. På same viset dei hev gjort det i bokmålet. Eg siktar med di til verbet “å ha”, som eg vil ha bøyd på so viset: å ha – hev/har – hadde – hatt/hadd. Desse formene svarer stridlaust til mange dialektar, og [...]

1 kommentar Les meir

Høyringa er i gang

1 februar 2011

Innstillinga frå rettskrivingsnemnda ligg no ute til offentleg høyring her: http://www.sprakradet.no/nb-no/Toppmeny/Aktuelt/nynorsknorm/Hoyring/. Vi ser fram til eit godt ordskifte! Språkrådet

7 kommentarar Les meir

Nordnorsk tale i nynorsk skrift

17 januar 2011

Olve Utne uroar seg for at vi fjernar talemålsformer frå nord frå rettskrivinga. Det er rett at enkelte talemålsformer frå det nordafjelske vil falle ut av den nye nynorsknorma. Det gjer og talemålsformer frå dei andre landsdelane. Dette er i all hovudsak former som er lite brukte i skriftleg nynorsk. Grunnen ligg i mandatet nemnda [...]

5 kommentarar Les meir

Høyringa nærmar seg

17 januar 2011

Rettskrivingsnemnda hadde møte på Lysebu 13. og 14. januar, og gjekk då gjennom innstillinga som skal ut på høyring med det fyrste. Merknader som har kome til nemnda på bloggen Nynorsk 2011, på e-post og i møte, har vore til stor hjelp i vurderingane nemnda har gjort. Endringar som vart gjorde i møtet, blir no [...]

Les meir

I-målet og -or-former ut fordi …?

15 januar 2011

Tidi er i ferd med å renna ut for oss som ikkje vil at i-målet og -or/-one-endingane skal fjernast frå nynorsk rettskriving enno. Eg tenkte at eg skal gjøra alt som gjørast kann for å visa dykk at i-målet høyrer heime i nynorsken, men eg fann på noko betre. Kan ikkje nemndi fortelja kvifor de [...]

1 kommentar Les meir

Mandatet til rettskrivingsnemndi

15 januar 2011

Hovudpunktet, pkt. 1, i mandatet til rettskrivingsnemndi er “å laga ei tydeleg, enkel og stram norm” (http://www.sprakradet.no/nb-no/Toppmeny/Aktuelt/nynorsknorm/Mandatet/).   I sakpapiret til nemndmøtet 14. april 2010 fastset nemndi prinsippi for normeringsarbeidet, og viser både til eit fyrste prinsippframlegg og eit revidera prinsippframlegg. Desse prinsippi vert lista upp i prioritera fylgd (http://www.sprakradet.no/upload/Rettskrivingsnemnda/Sakspapir%202010-04-14.pdf).   Fyrste prinsippframlegg for normeringsarbeidet:   “1. på eigen [...]

Les meir

Apropos

12 januar 2011

“Nynorsk” og “bokmål” er eit byråkrati-verpa “egg”. Dei kom inn i staden for “landsmål” og “riksmål” i 1929 i ein hundreårsperiode der bl.a. Venstre og AP freista å smelte saman riksmål og landsmål til samnorsk. Ganske misvisande ord, eller kva? No snakkar folk bokmål – bok-mål, og nynorsk er ganske gammalt – men ikkje gammalnorsk. [...]

1 kommentar Les meir

Frå lærarhald

10 januar 2011

Lærarrepresentantane i nemnda etterlyser i bladet Utdanning før jul respons frå lærarhald på forslaget til ny norm. Mi erfaring frå norskfaget i vidaregåande skule er at det er viktig med eit språk som er regelfast og talemålsnært. Dei fleste av elevane eg møter skriv ut frå språkkjensla knytt til talemålet. Først ein kommentar til det [...]

Les meir

Å nytte sjansar som byr seg

10 januar 2011

Framtanke er bra, det Det skal vere møte i Rettskrivingsnemnda 13.–14. januar 2011, står det i nye sakspapir (http://www.sprakradet.no/upload/Sakspapir%202011-13-01.pdf) Dei skal samle trådane og førebu presentasjon av framlegget til ny norm for nynorsk på eit offentleg høyringsmøte 21. februar. Nemndleiaren har laga “eit høyringsbrev som skal sendast ut saman med innstillinga . . . Har [...]

Les meir

Merknader til nemndi, Vikør og Utne

10 januar 2011

(Merknader til innlegget “Nettstaden gjev nyttige innspel” av nemndi, utgreidingi åt Vikør og innlegget “Demografi: Svakt utkantmål eller sterkt sentrumsmål mest levekraftig på sikt?” av Olve Utne.) “Dei pedagogiske argumenta har korkje dominert på bloggen eller i andre innspel vi har fått. Mange på bloggen har teke opp einskildfenomen eller einskildformer dei sjølv har eit [...]

2 kommentarar Les meir