Ein tragedie for nynorsk bruksmål

8 mars 2011

(Innlegg i Dag og tid 24.02.2011) Hovudpunktet i mandatet til rettskrivingsnemndi er «å laga ei tydeleg, enkel og stram norm». Nynorsken skal på nytt endrast. Det er rett at talet på former i rettskrivingsframlegget er mindre enn det samla talet på hovud- og sideformer i gjeldande rettskriving, men talet på former i læreboknormalen aukar; former [...]

1 kommentar Les meir

innspel

2 mars 2011

Sånn generelt Me bør ha ein ganske konservativ nynorsk, anten det, eller so bør ein fengja ein relativt konservativ læraboknormal. Skal ein fyrst kasta burt så mykje tid med å ganga på skule, bør ein i det minste fengja lesa skikkeleg norsk, og sidan eg er vis nok til å tvila på at lærarane skulle [...]

3 kommentarar Les meir

Høgnorskparadokset

1 mars 2011

Sidan eg her diskuterer med språkfolk går eg ut frå at de veit eller forstå at “bolle-a” er eit anna ord for bokstaven å. Sidan WordPress ikkje godtek å-en i etternamnet mitt skriv eg då “BolleA” i staden. Det skulle då vera klart at eg heiter Ingvar Åberge, og eg vil gjerne refererast til under [...]

4 kommentarar Les meir

Takk for alle bidrag! Forumet framleis ope

28 februar 2011

Høyringa om den nye rettskrivinga er avslutta. Rettskrivingsnemnda arbeider no med den endelege innstillinga, som vert levert til styret i Språkrådet 1.4. Nemnda kjem ikkje til å lese eller svare på innlegg i diskusjonsforumet etter 2.3. Forumet er likevel ope for alle interesserte som vil diskutere saka seg imellom så lenge ho er til behandling [...]

Les meir

Noko attåt

20 februar 2011

Eg er jamt over samd i høyringsframlegget, men det er nokre saker, men ikkje dimed lite viktige, eg set meg tverr for. Fyrst kan eg godt seie mi meining om desse punkta: Eg er samd i at-lig skal ut Eg er samd i -stelling kan ut Eg er mot valfri j i verb Eg tykkjer [...]

7 kommentarar Les meir

Klyppa

20 februar 2011

Nemndi går inn for å stryka klyppa frå rettskrivingi, og gjera klippa til eineform. Å stryka den eine av desse formene er å gjera stor urett mot nynorskbrukarane. Den tradisjonelle formi klyppa opnar for uttalane klyppa og kløppa, medan klippa berre kan uttalast med i. Soleis er nynorsken tent med å halda på båe skrivemåtane. [...]

2 kommentarar Les meir

Honom

17 februar 2011

Eg lyt spørja kva som er motivasjonen bak det å kutta ut honom som objektform. Objektformer gjer det enklare å formulera seg klårt og tydeleg. Tak til dømes setningi: «han sa at han såg han» Kva tyder ho? Kvar skal trykket liggja for å få fram tydingi? Meiner ein: «han sa at honom såg han» [...]

4 kommentarar Les meir

Det er gjort eit solid arbeid!

9 februar 2011

1 Normeringsgrunnlaget: I tida sidan 2. verdskrigen har nynorsk skriftmål på mange måtar sett seg. Det er langt mindre skilnad mellom nynorsk anno 1950 og 2010 enn mellom 1890 og 1950, og formvariasjonen er mykje mindre både i skrivemåten av einskildord og i bøyingssystemet. Dermed er vi komne dit at nynorsken står ganske støtt som [...]

2 kommentarar Les meir

Høyringa er i gang

8 februar 2011

Nemnda har gjort godt arbeid med å rydde opp og stramme inn, men mange tilhengjarar av einskapsprinsippet (jf. s. 30 i innstillinga) hadde nok helst sett at norma vart enda strammare. Og det finst jamvel dei som har eit utopisk ønske ei nynorsknorm heilt utan alternative former. Om framlegga blir vedtekne, er dei absolutt til [...]

Les meir

Fråsegn frå årsmøtet i Studentmållaget i Oslo – merknad til framlegget til ny rettskriving

7 februar 2011

Hovudpunktet i mandatet til rettskrivingsnemnda er “å laga ei tydeleg, enkel og stram norm for nynorsk, utan sideformer.” Det seier seg sjølv at ei slik norm, den norma som me tolkar at mandatet målber, åleine ikkje kan løysa den vanskelege stoda nynorsken er i, men det er von at ei slik norm kan gjera det lettare [...]

Les meir