Framlegget til ny nynorskrettskriving – utan sideformene

av Språkrådet den 15. april, 2011

 Det har komme reaksjonar på setninga nedanfor i  Ny rettskriving for 2000-talet. Innstilling til ny rettskriving for det nynorske skriftmålet (pkt. 1.5):

«Stortinget har vedteke at tonivåsystemet i rettskrivinga skal opphevast.»

Det er klårt at Stortinget ikkje har vedteke ei setning med den siterte ordlyden. Men:

I år 2000 godtok ikkje Kulturdepartementet det rettskrivingsframlegget for nynorsk som Norsk språkråd hadde sendt inn, med ein trong læreboknormal og ei vid rettskriving. Departementet bad Språkrådet lage eit framlegg utan sideformer. Det vart utarbeidd og sendt på høyring i 2002, men høyringa vart slik at Språkrådet vedtok å gå bort frå systemet utan sideformer. Språkrådet sende i staden inn ein revidert versjon av 2000-framlegget i 2003. Også dette framlegget vart avvist av departementet (i 2005), og som nemnt i St.meld. nr. 35 (2007–2008) Mål og meining (både i kapittel 8 og kapittel 9), tolka departementet Språkrådet slik at siste ordet ikkje var sagt.

I Innst. S. nr. 184 (2008–2009), der kulturkomiteen la fram innstillinga si til St.meld.  nr. 35 (2007–2008) Mål og meining, refererer komiteen frå punkt 9.2.1 i meldinga, der m.a. vedtaket i styret i Språkrådet i 2007 om å setje i gang revisjon av nynorskrettskrivinga til ei norm utan sideformer blir drøfta. Fleirtalet bak komitéinnstillinga kom ikkje med innvendingar mot denne framstillinga.

Då Stortinget slutta seg til komitéinnstillinga i april 2009, var altså intensjonen om å få ei nynorsknorm utan sideformer ein del av innhaldet.

Helsing Språkrådet

{ 1 kommentar }

Sergej Alexander Munkvold 15. april 2011 på 13.17

Rettskrivingsnemndi skriv «Departementet bad Språkrådet lage eit framlegg utan sideformer». Dette er ikkje rett. Departementet bad ikkje Språkrådet laga eit framlegg utan sideformer, departementet bad Språkrådet greida ut um sideformskipnaden burde falla burt eller ikkje, og at dette spursmålet var nært knytt til kor stor valfridomen skulde vera. Departementet såg både fyremuner og bakmuner med burttakingi av sideformskipnaden. Det var Språkrådet sjølv som vedtok å laga eit framlegg utan sideformer. Eit initiativ er ikkje det same som ein instruks.

Ei uppfrisking frå «innstillingi» (pkt. 1.7.2.1 Nynorsknorma) [mine uthevjingar]:

«Det kan verka som eit ambisiøst mål å laga ei tydeleg, enkel og stram norm for nynorsk, utan sideformer, slik styret i Språkrådet har vedteke.

[...]

Spørsmålet om endringar må nødvendigvis byggja på vurderingar og vedtak som er godt førebudde i Språkrådet.

[...]

Etter ei samla vurdering har departementet kome til at det likevel er så mykje som taler for ein ny gjennomgang at det ikkje vil vera rett å gå imot at dette arbeidet blir sett i gang slik styret har vedteke.

[...]»

At departementet ikkje gjeng imot det Språkrådet konkret hev vedteke, er ikkje det same som at departementet hev bede Språkrådet å gjera dette konkrete vedtaket. Er elles vedtaket um burtaking av sideformskipnaden godt fyrebutt i Språkrådet, slik departementet bad um? Ligg det fyre noko nøgi utgreiding um konsekvensane?

Då departementet avviste rettskrivingsframlegget frå Språkrådet (2000 og 2003), var det fyrst og fremst på grunn av vinglingi i Språkrådet og at det var heilt i det blå kva Språkrådet i framtidi skulde gjera med sideformskipnaden. Spursmålet um kor stor valfridom og spursmålet um sideformskipnaden var ikkje den gongen vurdert i ein samanheng. Departementet peika m.a. på at det ikkje var nokor semja i Språkrådet um kor stor valfridomen skulde vera innanfor ei rettskriving utan sideformskipnaden. Desse tvo spursmåli tykkjest heller ikkje denne gongen vera vurderte i ein samanheng.

Når skal rettskrivingsnemndi spela med opne kort?

Stengt for kommentarar.

Siste innlegg:

Neste innlegg: