Det sentrale spørsmålet i samband med nynorskrettskrivinga er om skiljet mellom hovudformer og sideformer (tonivåsystemet) skal opphevast.
Det er skiljet mellom hovudformer og sideformer som gjer det mogleg å ha ei relativt trang og tydeleg norm (hovudformer) i lærebøker, NRK-teksting og i organ for staten. Og det er dette skiljet som gjer det mogleg samtidig å ha ei rettskriving (hovudformer og sideformer) som kan ha appell til språkbrukarar over heile landet.
Rettskrivingsnemnda skriv i innstillinga punkt 1.5:
«Stortinget har vedteke at tonivåsystemet i rettskrivinga skal opphevast. [...] Med denne innstillinga blir hierarkiet i nynorsk rettskriving fjerna, i samsvar med stortingsvedtaket.»
Dette er grov feilinformasjon frå rettskrivingsnemnda. Det finst ikkje noko stortingsvedtak om å oppheve skiljet mellom hovudformer og sideformer. Stortinget har ikkje uttalt seg om tonivåsystemet i det heile teki dei seinare åra.
Det er oppsiktsvekkjande at ei rettskrivingsnemnd kan kome med slike påstandar.



{ 1 kommentar }
Det er også merkeleg at nemnda meiner -or/-one har eit “annleis” (dårlegare?) talemålsgrunnlag enn i-målet. Dette systemet finst visseleg i heile Trøndelag (med Nordmøre) og Nordland (/jenta/, /jentå(r)/), midlandsmåla (/jentu(r)/) og yngre tromsøværing (/jenta/). Når formene ikkje er så utbreidde i nyare skrift, kva no enn det er, er det av di nynorsken stend (verdalsk /stennj/!) svakt nordpå eller av di elevane ikkje lærar om dei. Olav Duun skreiv konsekvent -or/-one, og såleis er ein nøydd til å tru at at Duun skreiv eit arkaisk og lite folkeleg språk.
Nemnda er lite rause her, som jo læt litt rart, sidan det er eit enkelt system. Derimot er dei rause med å utvide valfridomen i dei fleste orda — også dei høgfrekvente. Frå fire former for Aasens “å ynskja” til åtte. Såleis må elevar og offentleg tilsette framleis møte femti-tusen ymse situasjonar der dei må velja ei form. Og så gløymer dei ho og må gjera valet på nytt, sidan formene i skrift allereie sprik så mykje og ikkje gjev noko klårt svar på kva som er rett.
Stengt for kommentarar.