Aprilsnarr!

av Bjørn S den 1. april, 2011

I dag har nemndi presentert den endelege innstillingi til ny rettskriving. Eg vonar verkeleg dette er tidenes aprilsnarr!

Eg må seia eg er djupt såra og vonbroten over framlegget. Det er flott at horv, ikorn, myser og kløyvd infinitiv får stå, men det burde vera ei sjølvfylgja. Eg hadde faktisk forventa at nemndi ikkje ville setja klyppa, tog og verkty til livs, men det har dei altso gjort! Og det på nær einaste positive vedtaket om å stryka skole er trekt attende.

Nemndi har gong etter gong retta seg etter bokmålet. Den nynorske skrifttradisjonen har dei kasta på dør. Denne normi kan ikkje vera tenleg for nynorsken. Eg er redd me vil sjå ein døyande nynorsk i dei komande åri, dersom denne normi vert ein realitet. Kvifor skal me skriva nynorsk når han er nesten identisk med bokmålet? Då er det enklare med berre eitt skriftspråk i dette landet. For den nye normi vil fullføra samnorsken, og diskriminera so vel sørvestlendingar som dølar. Nett som bokmålet har gjort sidan 2005-normi. Bokmålet er kome heim til Oslo-området. Kvifor skal nynorsken reisa same vegen?

Ivar Aasen tufta nynorsken på dialektar frå alle kantar av landet. Difor er nynorsken ein stønad for talemåli i heile landet, og det er denne styrken som kjenneteiknar nynorsken. No vil nemndi bryta ned kvalitetane i skriftspråket vårt. Nynorsken skal forenklast og førast nærare bokmålet.

Mange talemål nyttar former som tog, verkty, klyppa, plome, menner og slær. Om desse formene ikkje får stå i nynorsken, kvar høyrer dei då heime? I-målet er eit vakkert serdrag som ikkje er i vegen. Det òg vil nemndi kvitta seg med. Fyrst no, etter at over 70 år med samnorsk er over, skal slike solide og tradisjonelle former, med stønad i dialektane, strykast.

Den nye normi vert heller ikkje enklare. Valfridomen for lærebøker, NRK og statstenesta har aldri vore større. Nynorsken vil verta eit anarki utan rot i skrifttradisjonen. Kan henda er det ein dårleg idè å oppheva skiljet mellom hovud- og sideformer?

Eg vonar verkeleg at nemndi skriv APRILSNARR! med store bokstavar på nettsidene i morgon. For denne normi kan ikkje nynorsken leva med. Nei då er gjeldande norm betre.

Stengt for kommentarar.

Siste innlegg:

Neste innlegg: