Og kor du bryggjar og kor du bakar,
d’er alltid ein, som det ikkje smakar …
Dokker har gjort ein god jobb!
av Torodd den 4. april, 2011
Og kor du bryggjar og kor du bakar,
d’er alltid ein, som det ikkje smakar …
Dokker har gjort ein god jobb!
Siste innlegg: «Nynorsk snart ein pedagogisk kollaps»
Neste innlegg: Feilinformasjon i innstillinga
Dette var eit diskusjonsforum for nynorsk rettskriving oppretta av Språkrådet våren 2010 i samband med arbeidet til rettskrivingsnemnda for nynorsk. Nemnda las alle innlegg og kommentarar som kom i forumet fram til 2.3.2011, då fristen for den offentlege høyringa om saka var ute. Nemnda la fram innstillinga si 1.4.2011. Styret i Språkrådet behandla innstillinga 20.5.2011 og sende henne til Kulturdepartementet.
Diskusjonsforumet var ope for alle interesserte, som kunne skrive innlegg og kommentere innlegg etter at dei hadde registrert seg. Språkrådet las alt innhaldet før det vart lagt ut. Deltakarane var sjølve ansvarlege for innhaldet og språket i eigne innlegg og kommentarar. Forumet er no stengt, men innhaldet i forumet blir liggjande på nettsidene ei stund framover. Det inneheld 450 innlegg og kommentarar.
Utvikla av Glabladets Bloggservice


{ 3 kommentarar }
«ein god jobb!» avdi nemndi tok inn dokker? Når ein sender inn eit høyringssvar på 21 sidor (inkl. litteraturlista på 2 sidor) og 9 sidor av desse rører seg um dokker, er det eit symptom på kor livsfjerne mange leidande målfolk er vortne.
Eg bit meg elles merke i at dei som rosar denne nemndi, er serleg glade i ropeteikn. Grunngjeving vantar.
Ein annan plass i diktet står det:
“Eg tykkjer støtt at det høver best
å hjelpa den som det trenger mest”
Arbeidet åt nemndi tener fåe andre enn dei som skriv bokmålsnært, og dei har allereie god stønad i bokmålet. Dei som treng nynorsken, er målføri på vestlandet og i dalstroki austafjells. Desse er svikne av nemndi.
Eg skulde ynskja at dei som treng nynorsken vert tekne med i ei slik normering, men om nemndi ikkje vil taka omsyn til oss fær med boikotta dei.
Eg for min del vil setja meg ned for å læra meg sjølv høgnorsk.
Ein bokmålsnær nynorsk er ikkje naudsynt.
Dårleg gjort mot Ivar Aasen er det(og det hev vore so lenge) å endra skriftspråket han sette saman, om det so er for å ”koma dialektane i møte”. Kanskje lyt me koma skriftspråket litt i møte for å taka vare på nynorsken(eller høgnorsken)?
Steffen Larsen.
Stengt for kommentarar.