Ferdig framlegg til ny nynorskrettskriving er i dag overlevert til styret i Språkrådet.
Sjå melding og omtale på nettsidene til Språkrådet.
Helsing Språkrådet
av Språkrådet den 1. april, 2011
Ferdig framlegg til ny nynorskrettskriving er i dag overlevert til styret i Språkrådet.
Sjå melding og omtale på nettsidene til Språkrådet.
Helsing Språkrådet
Siste innlegg: Aprilsnarr!
Neste innlegg: «Nynorsk snart ein pedagogisk kollaps»
Dette var eit diskusjonsforum for nynorsk rettskriving oppretta av Språkrådet våren 2010 i samband med arbeidet til rettskrivingsnemnda for nynorsk. Nemnda las alle innlegg og kommentarar som kom i forumet fram til 2.3.2011, då fristen for den offentlege høyringa om saka var ute. Nemnda la fram innstillinga si 1.4.2011. Styret i Språkrådet behandla innstillinga 20.5.2011 og sende henne til Kulturdepartementet.
Diskusjonsforumet var ope for alle interesserte, som kunne skrive innlegg og kommentere innlegg etter at dei hadde registrert seg. Språkrådet las alt innhaldet før det vart lagt ut. Deltakarane var sjølve ansvarlege for innhaldet og språket i eigne innlegg og kommentarar. Forumet er no stengt, men innhaldet i forumet blir liggjande på nettsidene ei stund framover. Det inneheld 450 innlegg og kommentarar.
Utvikla av Glabladets Bloggservice


{ 3 kommentarar }
Er det nokon som har etterspurt tubaar, sofaar eller stolaar?
Det er vel ikkje mange som treng bunadar eller søknadar heller?
Stram inn her, så ser nynorsken penare ut i skrift! Opne heller for valfridom som einkvan har etterspurt!
Dei viktugaste informantane i moderne sosiolingvistikk er dei som ikkje segjer noko. Nyttige er òg dei som ikkje veit kva dei vil. Helst skulde nemndi ha lagt eksamenssvar frå 2020 til grunn. Ja, å skriva sofaar er underleg. Nemndi skriv i framlegget at grunnen til at ein fyrr skreiv sofaer og ikkje sofaar, var at aa opna for uttala å. Dette er eit ad hoc-argument av nemndi, utan røynlegt grunnlag. Grunnen til skrivemåten -aer er at han viser samandregi uttala til -ar (for dei som hev r-ending i talemålet eller skal tala normert) – t.d. sofaer /sufar/. Jf. òg uttala i b.f. fleirtal av t.d. villaene /vilane/. Sameleis segjer ein bunad /buna/ : bunader /bunar/. Men akk, kva hjelper det at eg eller du peikar på dette …
/su:far/, /bʉ:na/ og /bʉ:nar/ skulde det vera.
Stengt for kommentarar.