«Nynorsk snart ein pedagogisk kollaps»

av Sergej Alexander Munkvold den 4. april, 2011

(på prent i Bergens Tidende 5. mars)

Den nye rettskrivingi for nynorsk er ein pedagogisk kollaps av tre hovudgrunnar:

1) Ny rettskriving kjem ikkje til å koma i staden for gjeldande praksis, men i tillegg.

2) Skipnaden med hovud- og sideformer – bolverket mot altfor stort formsprik – er borte. Talet på former i læreboknormalen aukar; former med mykje større bruksutbreiing enn sideformene. Det er desse formene nynorskbrukarane oftast møter – t.d. i lærebøker, i det offentlege og i NRK. Språkbrukarar lærer normi fyrst og fremst etter skriftlege føredøme, ikkje etter oppføringar i ordlista. Desse føredømi vert no meir formsprikjande.

3) I frekvente ord vert valfridomen større – t.d. å ynskja, ynskje, ønskja, ønskje, ynske, ynska, ønske, ønska. Ser me på stavingi, skal på lag 400 former ut. Nær sagt alle ufrekvente. Fleirtalet av former står att. Nær sagt alle frekvente. Problemet er dei ofte nytta formene – det er paradokset. For rettskrivingsnemndi, derimot, er det viktigare å få ned valfridomen i ord som bolung, bræsa, brækta, laugsta og mange andre slike ufrekvente ord enn å få ned valfridomen i frekvente ord som fylgja, ynskja, der dei heller aukar valfridomen. Med ufrekvente ord meiner eg ikkje ord som harr/horr, tall/toll, tyr/tjor, endå dei er sjeldsynte i skrift. Talet på strokne ufrekvente former, serleg former av ufrekvente ord, er einast pynt i statistikken og bøter ingenting på problemet. Att står eit nynorsk kjerneordtilfang med auka formsprik og ein nynorsk som er vanskelegare å læra.

Sergej Alexander Munkvold er formann i Ivar Aasen-sambandet

{ 2 kommentarar }

Antidactylus 04. april 2011 på 09.54

Dette innlegget går til kjernen i saka.

SteffenL 14. mai 2011 på 19.37

Støttar Munkvold.

Stengt for kommentarar.

Siste innlegg:

Neste innlegg: