Test endringane i ny ordliste

av bselje den 10. mars, 2011

Nynodata har laga ein testversjon av den nye ordlista Ordrik, der dei fleste av rettskrivingsendringane i høyringsforslaget er markert. Når du slår opp eit ord, får du sjå om ordet eller nokon av bøyingsformene går ut av rettskrivinga, eller om dei endrar status frå sideform til sidestilt valfri form. Ordlista inkluderer vel 100 000 oppslagsord med bøygde former, og dette er i overkant av det som ligg i Nynorskordboka.

Testversjonen kan du laste gratis ned frå www.nynodata.no. Versjon for Windows og Mac OS.

Der kan du også lese enkel statistikk over endringane. F.eks. at av 32000 valfrie oppslagsord i ordlista endrar 8000 status (blir anten ulovlege eller blir sidestilte former). Forslaget om å fjerne i-mål tek bort vel 35 000 bøyingsformer og endringar for svake hokjønnsord (som jente) råkar knapt 25 000 former.

Vi håper denne testversjonen av Ordrik kan synleggjere konsekvensen av rettskrivingsendringane, og han er fritt tilgjengeleg for alle interesserte.

{ 1 kommentar }

Sergej Alexander Munkvold 10. mars 2011 på 09.54

Framlegget um å taka burt i-mål råkar ikkje 35.000 bøygningsformer, det råkar 35.000 ord og éi bøygningsform. Elles er det ei fint program og nyttig statistikk.

Stengt for kommentarar.

Siste innlegg:

Neste innlegg: