Nynorsknorma – hovudformer og sideformer

av Antidactylus den 31. mars, 2011

Det sentrale spørsmålet i normeringa av nynorsk er om skiljet mellom hovudformer og sideformer skal opphevast. Opphevar ein skiljet, blir norma uklar for dei som skal lære nynorsk fordi mangfaldet av former aukar i lærebøker, i NRK-teksting og i informasjonstilfang frå staten.

Språkrådet har sett i gang det nye normeringsarbeidet utan å utarbeide eitt einaste notat om sannsynlege konsekvensar av oppheving av skiljet mellom hovudformer og sideformer.

Da det første utkastet til mandat vart vedteki, på styremøtet 13. september 2007, var det i saksframlegget frå direktøren skrivi ei einskild setning om spørsmålet: «Styret meiner at funksjonsfordelinga mellom hovudformer og sideformer (klammer) ikkje lenger er tenleg, i og med at bokmålet no har ein meir oversiktleg og gjennomgåande valfridom.»

Styret gjorde dette vedtaket: «På grunnlag av utgreiinga av nynorsknorm i 2003 set styret i gang arbeidet med å lage ei tydeleg, enkel og stram norm for nynorsk, utan sideformer.» I møteboka står det om debatten: «Styret hadde ein brei debatt i saka, men det var semje om at den store prinsipielle drøftinga ikkje trongst.»

I det endelege mandatet, frå 16. desember 2009, er hovudpunkta dei same. Styret set i gang arbeidet med å laga «ei tydeleg, enkel og stram norm for nynorsk, utan sideformer.» Det finst framleis inga utgreiing av spørsmålet om å oppheve skiljet mellom hovudformer og sideformer. Det einaste er ei kort pro-et-contra-drøfting i St.meld. nr.  35 (2007–2008) Mål og meining.

Det finst dermed inga utgreiing av korleis oppheving av skiljet let seg sameine med dei andre hovudmomenta i mandatet til rettskrivingsnemnda: «ei tydeleg, enkel og stram norm» som «kan appellera til språkbrukarar over heile landet».

Spørsmålet om å oppheve skiljet mellom hovudformer og sideformer blir heller ikkje gjort til tema i høyringa kring førebels utkast til ny norm. Det er ikkje så underleg. Høyringa blir halden av rettskrivingsnemnda, som rimeleg nok gjennomfører høyringa innanfor dei rammer som styret har gitt i mandatet.

Situasjonen er at hovudspørsmålet i denne saka ikkje er blitt gjort til gjenstand korkje for utgreiing eller høyring.

Stengt for kommentarar.

Siste innlegg:

Neste innlegg: