Nettstaden gjev nyttige innspel

av rettskrivingsnemnda den 3. januar, 2011

Mandatet til rettskrivingsnemnda seier at norma skal gjere det lettare å vere nynorskbrukar, og ho skal vere lett å bruke uavhengig av formell utdanning og språkkompetanse. Dei som er aktive på Nynorsk 2011, gjev oss verdifulle innspel i arbeidet.

”Innleggi dykkar er utan verde,” skriv Antepenult på Nynorsk 2011. Antepenult og fleire har reagert negativt på denne setninga i referatet frå augustmøtet vårt: “Det er mange menn som skriv både på bloggen og e-posten. Dei fleste skriv ut frå sin eigen personlege synsstad, mens pedagogiske argument manglar.” Før 18. august, som var datoen for møtet, var det berre ei kvinne som hadde skrive innlegg på bloggen. Både bloggen og e-postane vi fekk, var stort sett skrivne av menn. Dette er ei nøytral kjensgjerning, og var ikkje meint som nokon verdidom. Vi har aldri sett på innlegga som uttrykk for ”kjenslor utan samanhang”, som det står i innlegget til Antepenult. Vi forstår likevel at formuleringa kan misforståast, og beklagar det.

Setninga er heller ikkje nemnda si oppsummering av innspela på bloggen. Alle innspela er lesne og tekne med i vurderingane vår undervegs. Nokre av framlegga er tekne inn i det endelege høyringsnotatet, andre er nedrøysta. Slik er det og med framlegg som har kome i saksførebuingane, framlegg frå den førre nynorsknemnda, framlegg som har kome i møte vi har hatt med ulike instansar og personar, framlegg som har kome på e-post, og framlegg som nemndmedlemmene sjølve har kome med.

Kva er mest pedagogisk?
Dei pedagogiske argumenta har korkje dominert på bloggen eller i andre innspel vi har fått. Mange på bloggen har teke opp einskildfenomen eller einskildformer dei sjølv har eit nært forhold til, medan det er færre kommentarar som gjeld dei pedagogiske omsyna.

Vi veit framleis lite om korleis vi kan gjere skriftspråket enklare å lære og lettare å bruke ”uavhengig av formell utdanning og språkkompetanse”. Vi veit ikkje nok om når valfridomen er frigjerande eller forvirrande, eller om ”eit eintydig system” er betre enn nærleik til eigen dialekt. Her har vi lite forsking å vise til og lite erfaring å hente frå andre språksamfunn. Det er framleis slik at det vi har lært og vant oss til, ideologi og estetikk ser ut til å spele ei sterkare rolle i synet vårt på kva som bør vere med i den offisielle norma, enn det som er ”til lette og lyfting for ålmugemannen”. Vi har prøvd å imøtekome kravet om at nynorsken skal bli lettare å bruke, både med å utvide og innskrenke valfridomen.

Større valfridom
Vi vil gjere det lettare å skrive rett ved å ta bort ein del fallgruver som til dømes obligatorisk uregelrett bøying av hokjønnsord som elv og myr og hankjønnsord som benk og vegg. Her har vi utvida valfridomen for å gjere det enklare for dei som ikkje har dialektgrunnlag eller språkhistoriekunnskap til å vite at desse orda skal bøyast på ein særleg måte. Det same gjeld ein del verb som er e-verb i dagens rettskriving, men som vi og opnar for å bøye som a-verb, som t.d. leie (leidde/leia) og ynskje (ynskte/ynska).

Mindre valfridom
I andre samanhengar har vi valt å innskrenke valfridomen fordi mange opplever han som forvirrande og unødvendig. Det gjeld til dømes skrivemåten for ord som trapp, vald, klippe, skunde, tynn, somme, drøyme og gjere. Her har vi teke ut både tilnærmingsformer (vold, skynde, drømme og gjøre) og tradisjonelle former (tropp, klyppe, tunn, sume). Om dette vil vi gjerne ha fleire innspel.

Antepenult har elles rett i at den nye rettskrivinga inneheld fleire tillatne former for lærebokforfattarar og statstilsette. Det er nemleg dei som må følgje læreboknormalen i dag. For alle dei som kan bruke den vide rettskrivinga, blir det færre tillatne former. Skulle nemnda ha laga ei rettskriving med færre former enn dagens læreboknormal, ville det nok ha kome sterke reaksjonar frå nynorskbrukarane. Vi oppfattar det ikkje som mandatet vårt å gå så hardt til verks. I mandatet står det at ”norma skal vera slik at nynorsken framleis kan appellera til språkbrukarar over heile landet og gir rom for former som er i allmenn bruk blant breie grupper av nynorskbrukarar”.

Hovudprinsipp
Langt på veg har vi følgt råda frå Lars Vikør i arbeidet med revisjonen av norma:
- ”Konservatisme i forhold til det som er vanleg nynorsk i dag.
- Tilpassing til bruken der det trengst, slik at det som står i ordlistene, også tilsvarer det som er vanleg å sjå i skriftleg bruk.
- Innstramming av valfridom som ikkje fungerer i praksis.
- Respekt for valfridom som blir brukt og betyr mye for mange språkbrukarar.
- Forsiktig forenkling av vanskelege regelsystem.”

http://www.sprakradet.no/upload/Rettskrivingsnemnda/2010%20Vik%C3%B8r%20normering.pdf

{ 2 kommentarar }

Umflakking 04. januar 2011 på 07.16

Godt at nemnda fylgjer opp innspela frå folk. Men det er mykje ordskifte som står att, klårt nok.

Eit spørsmål: Eg ser at prinsippa åt Lars Vikør blir fremja i stort mon. Nemnda er sikkert klår over Vikørs aktive medlemskap i Landslaget for språklig samling, den såkalla samnorskrørsla. Ser nemnda på dette som problematisk, serleg sett opp mot prinsippet om «utbreidde former»? Når nynorsken nett har vore sterkt prega av samnorsken, vil ei statistikk-tufta norm i høg grad også gå i samnorskretning. Hovudformer blir per definisjon utbreidde, av di dei nyttast i den tekstproduserande statsforvaltinga. Og sjølv hovudformene i statsforvaltinga lyt vi sjå opp mot sjølve tekstmiljøet, kvar bokmålskompatibilitet er naudsynt av praktiske årsaker. Såleis blir det lite i-mål (endå mange snakkar det, t. d. Navarsethe) og tradisjonelle former.

Prinsippet til nemnda blir mesta litt gali, når det verkar meir rett å sjå til den _berande_ nynorske skrifta, til dømes forfattarar som Vesaas og Duun. I ei tid med stor uro kring den nynorske skriftnorma, som det rett har vore sidan 1930-talet, verkar det meir trygt å byggje på dét. Men eg kan sjølvsagt ta feil.

Thorgeir Holm 06. januar 2011 på 17.41

I innlegget ovan vil «Rettskrivingsnemnda» ha oss til å tru at dei les og vurderer alle innspeli dei fær. Dét kann me ikkje vita stort um, men det er audsynt at dei i so fall les vonom snøggare gjenom, og at vurderingane ikkje er serleg grannsame.

«Vi veit ikkje nok om når valfridomen er frigjerande eller forvirrande,» heiter det i innlegget ovan. Hja. Nemndi er allvissa gjord merksam på at ein kann skifte valfridomen i tvo hovudtypar:

* Typologisk valfridom, som femner endingar (har bite, har biti) og grammatiske ord (me/vi).

* Valfridom i skrivemåten av same ordroti (ynskje/ønske, sume/somme).

(* Me kann au ta med ein tridje bolk, eller ein underbolk av andre punktet: innlånte, nærskylde bokmålsord som svarar til nedervde nynorskord utan tydingsskilnad (bm. byrde/nn. byrd, bm. svømme/nn. symja).)

Typologisk valfridom er i sjølve håtten sers avgrensa og dimed evlaust mindre vildrande en valfridom i skrivemåten av ordrøtene. Det gjeld serleg for offisiell nynorsk, med di valfridomen i skrivemåten av ordrøtene hovudsakleg retter seg etter skrivemåten i bokmål (arven frå samnorsktidi) og ikkje er noko fylgjerett system ut ifrå nynorsken i seg sjølv (døme: ei hytte, ei bytte/bøtte).

Dimed finst det, tvert i strid med det «Rettskrivingsnemnda» skriv ovan, eit prinsipielt grunnlag for å segja kva slags valfridom som er mest vildrande. Dette innspelet har nemndi, etter det me sér, ikkje teki upp i det heile, endå det grip rett inn i grunnlaget for alle vurderingane deira, og det på ein sers pedagogisk måte.

Det er verdt å merke at nemndi i arbeidet sitt mesta fylgjestrengt har gjengi til åtak på einfeld typologisk valfridom, medan den vildrande skiftingi millom nedervd og samnorsk skrivemåte av ordrøtene stend i godt lag, og i sume tilfelle er auka (jf. kløyvingi av lykkje/løkke til tvo ord, ein bokmålstankegang av typen gråstein/edelsten som krev ei eigi utgreiding). Utkoma er at framlegget til ny rettskriving er minst like vildrande som fyrr, men vantar den legitimiteten som tradisjon og sjølvtufta løysingar gjev – umsyner nemndi ikkje har teki i det heile.

Ved å høgje ullne prinsipp frå ein samnorskideolog til rettesnor, der ein kann fylgje just det prinsippet som høver, etter som kva for ei utkoma ein ynskjer seg, syner nemndi at ho ynskjer å sementere samnorskdragi i offisiell nynorsk, uavhengig av mandatet um å finne ein veg burt frå vildringi i skrivemåten.

Mot denne bakgrunnen er det lettare å sjå logikken i merknaden frå nemndi um vantande pedagogikk i innspeli dei har fengi: Systematiske og pedagogiske prinsipp som ikkje fører fram til det målet ein ynskjer, tegjer ein i hel ved å koke deim ned i same kålgryta som alle mogelege innspel frå Per og Pål. Undra nemndi seg røynleg yver at hovudmengdi av innspeli dei fekk, tok utstøde i personlege røynslor hjå ulike folk? Og skal dét mestsom vera ei fyrebersle for å ikkje sjå på dei mange innspeli som trass i alt tok tak i prinsipielle sidor ved rettskrivingi (både med og mot det ein sjølv meiner)?

Dette dømet er eitt av mange som berrlegg ein stor veikskap i arbeidet åt nemndi: Vantande vilje til å sjå på grunnlaget for nynorsken som skrift- og kulturmål som grunnlag for valet av rettskriving for dette skriftmålet. Fyresetnadene for den nye rettskrivingi er alt fastlagde og er aldri vortne tekne upp til ordskifte. Det er det same som å segja at «ja, me høyrer på kva de segjer, men me gjer det me har rådt oss til kor som er, so nær som i eit par ord der me ikkje har nokor sterk meining.»

Det er opinleik på falske vilkor.

Stengt for kommentarar.

Siste innlegg:

Neste innlegg: