Styret i Språkrådet har sett ned ei nemnd som skal utforme ”ei enkel, tydeleg og stram nynorskrettskriving”. Styret i Østfold Mållag ser det som ein fare at denne revisjonen gjer at det som blir igjen, i praksis er vestlandsvarianten av ord og bøyingsmønster. Det vil svekke argumentasjonen for nynorsken som landsdekkande målform.
I denne saka vil Østfold Mållag gi uttrykk for støtte til fråsegna frå Telemark Mållag.
Vi meiner at kløyvd infinitiv og i-ending i perfektum partisipp framleis må vera ein del av nynorsken. Garborg, Duun, Vesaas, Jonsson og Vaa bør vera argument nok i seg sjølv, i tillegg brukar nålevande skribentar som Edvard Hoem, Sigmund Løvåsen og Odd Nordstoga kløyvd infinitiv i det dei skriv.
Enkeltord som vi vil uttale oss om:
Vi meiner at det er uheldig om det som nå er hovudformer, skal ut av rettskrivinga (mye, kjøre, høre).
I samband med dette vil vi også halde på nåverande sideformer glømme, drømme og gjømme – med tillegg for svømme.
Skule er veldig fremmendt for oss, vi vil halde på skole ved sidan av. Det same med nå.
Pedagogisk sett støttar vi Lars S. Vikør i at noe/noen godt kan få vere med vidare ved sidan av noko/nokon.
Den som har følgt debatten rundt rettskrivinga dei siste åra, vil ha fått med seg at Østfold Mållag har vori imot ein slik revisjon av nynorsken. Blant anna skreiv leiaren for laget artikkelen ”Blir Språkrådet ein trussel mot Østfold-nynorsken?” i årboka vår for 2007, og tilsvarande synspunkt er blitt publiserte i Dag og Tid.
Vi synest det er imot nynorsk-sjela at språket skal striglast, eller settast i korsett, slik Telemark Mållag seier det. Vi er også glade i dei tradisjonelle formene i nynorsken og vil at dei som skriv jol og ljos skal få halde fram med det.
Grunnlaget for stiftinga av Østfold Mållag for 20 år sidan var at mange av dei som var med, såg det klare sambandet mellom dialekten her og den opne nynorske norma. I løpet av desse åra har prestisjen til Østfoldmålet blitt styrkt, delvis på grunn av Østfold Mållags innsats.
Dersom nynorsken nå ”is coming home” til Vestlandet, føler vi det som om ”direktørsjiktet” i norsk språkstyring gjer eit svik mot ideane vi har jobba for. Dei som heller burde hjelpe oss, vil ta frå oss noe vi er glade i. Ein nynorsk som ikkje bygger på eit breitt talemålsgrunnlag med geografisk spreiing, er ikkje det prosjektet vi har stått på for i desse åra. Ei kraftig ”vestlandifisering” av nynorsken vil gjera det mye tyngre å fremme nynorsk i Østfold.
Styret i Østfold Mållag samla i møte 14.10.2010



{ 3 kommentarar }
Kva med former «røk», «sten», «ben», «en», «et»? Kvar skal grensa for monoftongeringa gå? Er det ikkje best at språket er konsekvent og ikkje stundom fylgjer eitt målføre for plutseleg å fylgja eit anna eit?
Det er ikkje sanning i at den nye rettskrivinga, slik som ho ser ut til å verta nett no, er meir vestlandsk en den som gjeld no; sjølv om eg kan vera samd i at den ho er mindre austlandsk. Det er mange typiske vestlandske former som er tekne ut i rettskrivingsframlegga som har kome til no (og ingen nye former som kjem inn!). Monoftongar finst det mykje av på Vestlandet òg; t.d. kunne det aldri falla meg inn, som ein vestlending, å seia «køyra», men like fullt skriv eg det for å vera konsekvent med språket.
Då er det noko annleis med kløyvd infinitiv og i-endinga i perfektum partisipp – dette har eg meir forståing for.
Nynorsken lyt streva etter å vera mest mogleg dugande for heile landet; og måten dette er gjort på fram til no, er at nynorsken oftast har dei fulle formene frå gamalt av (landsmålet var mykje meir konsekvent her). «høra» kan ein finna att i «høyra», men eg tykkjer det er vandare hin vegen, til dømes. Sameleis med «båtane» i staden for «båtan» eller berre «båta».
Styret i Østfold Mållag skriv:
“Vi meiner at det er uheldig om det som nå er hovudformer, skal ut av rettskrivinga (mye, kjøre, høre).”
- Ganske samd.
“I samband med dette vil vi også halde på nåverande sideformer glømme, drømme og gjømme – med tillegg for svømme.”
- Samd, fordi dei er talemålsnære.
“Skule er veldig fremmendt for oss, vi vil halde på skole ved sidan av.”
- Samd.
Pedagogisk sett støttar vi Lars S. Vikør i at noe/noen godt kan få vere med vidare ved sidan av noko/nokon.
– Samd. Men nokke/nokken er eigentleg vel så mykje brukt i “nynorskland” som noe/noen, vil eg tippe. La dermed nokke/nokken få vere hovudform også.
“Vi . . . vil at dei som skriv jol og ljos skal få halde fram med det.”
- Kan det vere ei løysing om ein markerer ord som dette som “sjeldne” eller “eldre” eller liknande i ordlistene, og altså tillet dei som hovudformer? Ein har slike ordningar i mellom annan engelske ordbøker. Den siste utgåva av Oxford Advanced Learner’s forklarar ord og ordbruk ved hjelp av “labels”, merkelappar, som “uformell”, litterært”, “slang” “dialekt”, “gammaldags”, “gammal bruk”, og slikt. Ganske vanleg engelsk står utan merkelappar.
Ei slik utbreidd løysing gjer det ein heil del enklare å velje ord og uttrykk for alle oss som ikkje er heilt stø i nynorsken.
“Dersom nynorsken nå ”is coming home” til Vestlandet, . . .”
- Synet på at nynorsk formast for vestlendingar harmonerer heller dårleg med at sentrale deler av vestlandsmålføre heller ikkje “er med” (enno), som nokke/nokka/nokken, disse/dissa, ditte/ditta, he’ (hev), frå ha, endinga -lig (li), alvemålet (halvemålet), og mykje anna. Så vestlandsk har jo sin del av den skriftspråklege undertrykkinga.
Eg har her gitt framlegg om ei nokså enkel løysing for å kunne tillate sjeldnare ord og bøyingsformer. Løysinga er vanleg i t.d. engelsk. Dessutan har eg peika på at mykje som er utbreidd på Vestlandet og syner korleis mange eigentleg snakkar, blir halde utafor skriftspråket til denne dag. Vi vinne neppe mykje ved å vege ulike landsdelar berre lausleg opp imot kvarandre – trur eg.
Eg er samd med Støle i at ein må vera fylgjerett, men gruvlar på kvifor Østfold Mållag og Språkrådet berre vil ha austlandske monoftongformer og ikkje austlandske tviljodar inn i nynorsken. Her på Austlandet seier mange skau, så kvifor vil de ha ‘drømme’ og ‘glømme’ i ordlista, men ikkje skau/skaug? Ein skir norsk tviljod, kan hende ikkje med ættetavla som byrjar i gamalnorsk tid, men norsk er han i alle høve (hjå Rygh finn eg fire gardsbruk i Østfold som heiter Skog og vert uttala Skau, so ordet finn me vel òg i Østfoldmålet). Når me kan skriva mogeleg på seks ulike vis, så er det vel ikkje til meins for skriftmålet om me kan velja mellom skog og skaug, eller kva?
Stengt for kommentarar.