av Språkrådet den 20. mai, 2011
Diskusjonsforumet Nynorsk 2011 blir avslutta 20. mai 2011. Det har vore ope sidan april 2010 mens rettskrivingsnemnda har vore i arbeid. Vi takkar for alle innlegg og kommentarar om nynorsk rettskriving! Innhaldet blir liggjande ute på nettsidene til Språkrådet ei stund framover.
Helsing Språkrådet
av Sergej Alexander Munkvold den 28. april, 2011
(På prent i Stavanger Aftenblad 18. april)
I Stavanger Aftenblad 12. april kan me lesa stykket «Nynorsk skal bli lettere å skrive for rogalendinger» – eit interview med rettskrivingsnemndi. At det er sterk og stor motstand mot den nye rettskrivingi, teier nemndi om. Nynorsk vert vanskelegare å skriva for rogalendingar, ikkje lettare.
For å gjera nynorsk lettare for rogalendingar, legg nemndi opp til tilfelleleg valfridom mellom skrivemåten y og ø i somme ord – t.d. syster og søster, bylgje og bølgje. I dette y/ø-mønsteret (eldre mynster!) er varianten med y den eldste. Heilt gale, derimot, er det når nemndi jamfører dette y/ø-mønsteret med rogalandsk tynne og normert (krutt)tønne. For dei viser båe til eldre tunne (som fell ut i den nye rettskrivingi) – det er her snakk om eit u/ø-mønster. Variantane tunne og tynne kan me jamføra med tunn og (syl)tynn. Nokre seier styst for eldre (og normert) størst – her viser y-en korkje til eldre y eller u, men til ø. Historia om rogalandsk y er mykje meir innfløkt enn dette, for y-en fylgjer eigne reglar i ulike område i Rogaland.
Er det lett å fylgja med? Nemndi meiner det, endå nemndi sjølv ikkje greier å halda styr på reglane. Godtruande og lærefiendsleg er det, meiner eg.
Nemndi har gjort den nye nynorsken so lett at ein kan få skriva setningi «me ynskjer velkomen» på 32 ulike måtar. Verbet å ynskja skal rogalendingar no få skriva på 8 ulike måtar – ynskja, ynskje, ynska, ynske, ønskja, ønskje, ønska, ønske. På kor mange måtar skal ein no få skriva å fylgja? Dette er eit lurespørsmål. Det er ikkje 8 måtar, men 6 måtar – fylgja, fylgje, følgja, følgje, følga, følge, men ikkje fylga og fylge, av ukjende grunnar.
Sergej Alexander Munkvold er formann i Ivar Aasen-sambandet